Hopp til innhold

Har funne omkomen person i branntomta

Politiet fann torsdag ettermiddag ein omkomen person i branntomta etter husbrannen i Dale onsdag.

Brann Dale

RASKT OVERTENT: Bustadhuset blei totalskadd i brannen onsdag morgon.

Foto: David Zadig

Ei kvinne i 60-åra er sakna etter brannen, og politiet antek det er den sakna kvinna som er funnen. Den omkomne er send til obduksjon og identifisering.

– Vi har ikkje opplysningar om at det skulle vere andre i huset, eller andre som er meldt sakna, men heilt sikre kan vi ikkje vere før vi har fått svar frå obduksjonen, seier Inge Værøy, som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Meldinga om brannen i bustadhuset på Jarstad i Dale i Fjaler kommune kom til naudetatane rundt klokka 08.00 onsdag morgon.

Intens varme

Trass iherdig sløkkingsarbeid av brannvesenet vart huset overtent og totalskadd. Brannvesenet forsøkte å ta seg inn i huset for å sjå om dei kunne finne kvinna som budde i huset, men måtte etter kort tid trekkje seg ut på grunn av den intense varmen og flammane.

Brann i bustadhus i Dale

Først torsdag ettermiddag kunne politiet starte undersøkingar i sjølve branntomta.

Når NRK Snakkar med Værøy klokka 20 torsdag kveld har politiet avslutta undersøkingane på branntomta for kvelden.

Nye undersøkingar

– Brannteknisk personell frå politidistriktet kjem til å starte opp at undersøkingane fredag føremiddag.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kva som kan vere årsaka til brannen.