To unge menn henta ned frå fjellet
To menn på 19 og 20 år, som gjekk seg fast i fjellet i Sogndal søndag kveld, blei henta ned av Røde Kors-mannskap natt til måndag. Dei var litt kalde, men hadde ikkje behov for helsehjelp, ifølgje politiet. Mennene, som er utanlandske statsborgarar, skal ha mista stien og sat fast i bratt terreng.