Hopp til innhold

To personar til sjukehus

To personar er sende til legesjekk etter ei trafikkulukke på Filefjell. Politiet åtvarer mot glatte vegar i heile fylket.

Trafikkulukke på Filefjell

Politiet fekk melding om ei trafikkulukke på E16 på Filefjell omlag klokka 18. Ein liten time seinare var to personar sende til legesjekk på Lærdal sjukehus.

Både politi, brannmannskap og ambulanse rykte ut.

Vogntogstogg på Strynefjellet

VOGNTOGSTOGG: Eit vogntog fekk problem på veg opp Strynefjellet, på Strynesida. Det skal vere god passering på staden, men det er litt glatt.

Foto: Roger Vik

– Det verkar som det har gått bra med begge to. Dei blir tekne til sjekk for å vere på den sikre sida, seier operasjonsleiar Bengt Næss ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Ulukka skjedde omlag 3 kilometer frå Maristova, og det skal vere to bilar involverte. Dei to personane i den eine bilen vart sende til Lærdal. Personen i den andre bilen kom frå det utan skader.

Laster Twitter-innhold

Politiet har åtvara om glatte vegar i fylket i heile dag, mellom anna i Florø, der dei bestilte strøing.

– Det har vore fleire neste-ulukker fleire stader i fylket. Det er glatte vegar over alt, seier Næss i politiet.

Statens vegvesen har oppdaterte føre- og vegmeldingar for heile fylket.

Vinterveg

GLATT VEG: Det har vore glatte vegar fleire stadar i fylket. Som her i Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK