– Ein speedbåt og ein skjærgårdsjeep har kollidert. Det var totalt tre personar i dei to båtane, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Båtane kolliderte i Brandsøysundet på nordsida av riksveg 5. Politiet fekk melding om ulykka ved 21-tida tysdag kveld, og det vart slått full alarm med ambulansar, politi og brannvesen. Ulykka skal ha skjedd i høg fart.
I den eine båten var det to gutar på 16 år og i den andre båten ein mann i 40-åra.
– Det var dramatisk å sjå på
Vitne fortel til NRK.no at fleire ambulansar og ein politipatrjule rykte ut til staden. Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Førde opplyser at to personar er så skadde at dei har blitt sende til sjukehus.
– To av dei tre personane er sende med ambulanse til Førde. Den siste personen er sendt til legesjekk, opplyser AMK-sentralen.
NRK.no har snakka med eit augevitne som såg kva som skjedde. Han fortel at ulykka var svært dramatisk:
– Den eine båten har køyrd over den andre. Det var veldig dramatisk å sjå på, seier augevitnet til NRK.no.
– Ein av dei var bevisstlaus
Etter det NRK.no kjenner til er dei involverte gutar i tenåra. Fleire av dei skal ha hamna i sjøen etter ulykka.
– Den eine båten er knust, og to personar blødde kraftig frå hovudet. Den eine personen var bevisstlaus, seier vitnet.
Politioverbetjent Hans Petter Harlem seier ein av båtførarane er mistenkt for promillekøyring.
– Vi veit ikkje kva som er årsaka til ulykka. Det vil bli tatt blodprøve av ein av båtførarane. Han er mistenkt for promillekøyring, seier Harlem.
Ifølgje politiet klaga dei to gutane over smerter i rygg og hode. AMK kunne klokka 23.55 ikkje seie noko om tilstanden til ungdommane. Dei får behandling på sjukehuset.