Hopp til innhold

To personar ­varetektsfengsla etter aksjon mot ­cannabisplantasje

Ei kvinne og ein mann er varetektsfengsla etter politiaksjon i Bergen.

Hordaland tingrett Bergen

SKULD: Ein mann har erkjent straffskuld.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Ei kvinne og ein mann i 20-åra er varetektsfengsla i to veker etter at politiet gjekk til aksjon mot ein cannabisplantasje på ei privat adresse i Fana i Bergen fredag kveld.

Begge var arresterte fredag kveld og har sete i arresten sidan fredag kveld.

Laurdag føremiddag vart dei framstilt for fengslingsmøte i Hordaland tingrett.

To og fire veker varetekt

Politiadvokat Trine Benedikte Opdal opplyser til NRK at dei bad om fire veker varetektsfengsling for begge personane.

Den sikta mannen har erkjent straffskuld, stadfestar forsvarar Einar Råen til NRK.

– Han har erkjent straffskuld for forholdet siktelsen gjeld. Han vil samarbeide med politiet og har forståelse for at politiet ønsker å varetektsfengsle han i fire veker, skriv Råen i ein SMS.

Mannen er dermed varetektsfengsla i fire veker.

Den sikta kvinna er varetektsfengsle i to veker, seier kvinna sin forsvarar Kim Brügger Villanger.

– Ho er erkjenner ikkje straffskuld, seier forsvararen til NRK.

Kvinna har forklart seg og samarbeider med politiet, seier Villanger.

Stor mengde plantar

Politiet rykte ut til adressa fredag kveld.

På staden skal dei ha gjort funn av fleire cannabisplantar.

Nøyaktig kor mange plantar som var der, vil ikkje politiet gå ut med. Men det skal ha vore ein så stor mengde cannabisplantar på adressa, at politiet reknar det som ein plantasje.