Hopp til innhold

Hjelpte bebuarar ut frå bustadbrann: – Eg var veldig redd

Adel og Ramiar oppdaga bustadbrannen i Ytre Arna natt til søndag. To personar er sende til sjukehus etter brannen.

Ungdommer reddet beboere ut fra boligbrann i Ytre Arna

GJORDE DET RIKTIGE: Adel Kahrimanovic Muranovic (18) og Ramiar Ferman (18) oppdaga brannen i Ytre Arna natt til søndag.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Adel Kahrimanovic Muranovic (18) og Ramiar Ferman (18) var på veg for å spele fotball ved Arna stadion seint laurdag kveld.

Frå bilen såg dei flammar i vindauget på eit hus.

– Vi hoppa ut av bilen og sprang opp mot huset. Så ropte vi til nokon andre at dei måtte ringe ambulansen, seier Muranovic.

Dei to bebuarane fekk hjelp til å kome ut av det brennande huset. Dei blei sende til sjukehus for sjekk etter å ha pusta inn røyk

Boligbrann ved Ytre Arna i Bergen

KRAFTIG BRANN: Det var litt før midnatt laurdag det tok til å brenne i bustadhuset i Ytre Arna i Bergen.

Foto: Kjell Joran Hansen / Kjell Joran Hansen

– Eg var veldig redd

– Eg hadde så mykje adrenalin. Eg tenkte berre på at det kunne vera folk i huset, og at vi måtte hjelpe dei ut, seier Ferman.

Ved inngangspartiet møtte dei først ein mann som heldt seg for hovudet. Deretter møtte dei ei kvinne.

– Flammane stod ut av vindauga.

Ungdommane fortel at bebuarane såg ut til å vera i sjokk. Dei forsikra seg om at det ikkje var andre i huset, og fekk dei to personane i tryggleik.

Etter kvart kom andre naboar og ungdommar og hjelpte bebuarane med varme teppe.

– Eg var veldig redd. Etterpå slo det meg eigentleg kvar farleg det var, men eg tenker at eg gjorde det riktige, seier Muranovic.

Det var BA som først fortalde om dei to ungdommane.

Laster Twitter-innhold

Skal undersøkje branntomta

Brannvesenet fekk raskt kontroll på staden.

– Politiet vil opprette sak og vurdere kor tid åstaden skal undersøkast når brannvesenet er ferdig med sin jobb, seier innsatsleiar i politiet, Ørjan Djuvik.

– Då tek politiet ei ny vurdering på korleis huset skal sikrast mens ein ventar på undersøking.

Per søndag ettermiddag veit ein ikkje noko om årsaka til at brannen starta. Det vil vidare undersøkingar klarlegge, fortel politiet.

Boligbrann i Ytre Arna

BRANN: Det brann kraftig i einebustaden i Ytre Arna.

Foto: Sissel Rikheim / NRK