Hopp til innhold

Meiner dei blei usakleg oppsagde - går til sak mot 1881

To tidlegare tilsette ved Opplysningen 1881 i Lærdal går til sak mot selskapet for det dei meiner er usakleg oppseiing.

1881 i Lærdal

SAKSØKJER 1881: To tidlegare tilsette i Lærdal går til sak mot 1881.

Foto: Rune Bolstad

Bergens Tidende skriv at advokaten til dei to meiner nedbemanninga i selskapet skal følgje ansiennitetsprinsippet i heile 1881, og ikkje berre avdelinga i Lærdal.

Då 1881 sa opp tilsette i vår, råka det Lærdal særleg hardt, og 24 av 52 tilsette måtte gå.

Ein viktig prøvestein

Lilly Kvamme

TILLITSVALD: Lilly Kvamme seier ho er glad at nokon står opp mot det som skjedde.

Foto: Rune Bolstad

Lovverket seier ikkje noko om ansiennitetsprinsippet skal gjelde heile organisasjonen eller berre avdelingar. 1881 sin advokat, Tor Sverre Brustad, seier til avisa at rettssaka vert ein viktig prøvestein i saker som omhandlar ansiennitet.

Han seier hovudinnvendinga mot bedrifta er at dei kvita seg med fast tilsette i Lærdal og leigde inn vikarar for å gjere jobben andre stader i landet.

– Arbeidet i 1881 kan fordelast kvar som helst i organisasjonen, uavhengig av kvar dei sit, seier Skaug.

1881-advokat avviser kritikken

Nestleiar i EL&IT-forbundet og tilsett ved 1881, Lilly Kvamme, seier ho er glad at nokon står opp mot det som skjedde.

– Det er bra vi får prøvd denne saka for retten, meiner ho.

Advokat Tor Sverre Brustad som representerer 1881, avviser at fast tilsette er erstatta med vikarar andre stader.

– Det er heller ikkje slik at alle kundebehandlarar kan ta alle typer oppgåver.