Hopp til innhold

To til sjukehus etter kollisjon på glatt veg

Naudetatane rykka ut til trafikkulukke på riksveg 13 mellom Voss og Granvin.

trafikkulukke riksveg 13

To bilar har laurdag ettermiddag kollidert i 80-sona på riksveg 13 mellom Voss og Granvin. Ulukka har skjedd ikkje langt frå Flatlandsmoen camping.

Tilfeldigvis køyrde ein lege forbi rett etter at ulukka skjedde.

Vedkommande har sett til alle dei involverte personane, og melder tilbake til politiet om at dei anten er lettare skadd eller uskadd etter kollisjonen.

Glatt veg

– Vi har også ein politipatrulje på staden. Det er meldt om glatt veg, så vi har gitt beskjed til Vegtrafikksentralen som sender strøbil, seier assisterande operasjonsleiar Marit Hanson til NRK.

Klokka 18.07 opplyser politiet om at to personar blir sendt til Voss sjukehus med ambulanse med lettare skader.

- Dei to bilane skal ha kollidert nesten front mot front, og det skal vera større materielle skader. Airbagen i eine bilen har blitt utløyst. Så for å vera heilt sikre er dei to personane sendt til Voss med ambulanse, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

Totalt tre personar var involvert i ulukka.