Hopp til innhold

To band frå fylket til Hove

Både seljebandet The Pink Robots og Pony the Pirate med to medlemmar frå Sogn og Fjordane er klare for Hove.

Camilla Sæle Merkesvik

Camilla Sæle Merkesvik frå Høyanger i Pony the pirate

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

- Me har visst ei lita stund at me skal spela på Hove. Det er ein festival me verkeleg har ynskja å spela på lenge, så me gler oss veldig, seier battarist i Pony the pirate, Kurt André Aase.

På same scene som Muse

Pony the Pirate har vorte eit av landets mest omtalte grupper det siste året. Trompetist og gitarist Camilla Sæle Merkesvik er frå Høyanger og Aase frå Bygstad.

Gruppa vann Urørt-finalen i 2009, og dei er vortne kjende for låtar som "Walk The Shame", "Psychopedia" og "Sing". Debutalbumet "This Is Our Psychopedia" vart motteke med gode anmeldelsar, og musikken vert ofte sammenlikna med The Killers og Arcade Fire.

Både Pony the Pirate og The Pink Robots frå Selje vart i dag annonsert til Hovefestivalen saman med norske grupper som Kvelertak, Moddi, Shot at Down og Social Suicide. Også store internasjonale namn som Muse og Massive Attack er tidlegare annonsert til Hove i Arendal.

- Me føler oss veldig priviligerte som får spela på ein festival med så store namn. Dette er ein fin dag, seier Aase.