Hopp til innhold

To av Noregs mest populære turisthytter har blitt til isslott

På Skåla har vintervêret omdanna turisthyttene til isskulpturar. – Det vert ein bra jobb når våren kjem, seier hyttesjefen.

Skålatårnet innpakka i is

ISSKULPTUR: – Vi rekna med at det skulle vere mykje snø der, seier Iversen om flyturen over Skåla

Foto: Gunnar Iversen

Då Gunnar Iversen og ein kamerat flaug over Skåla i eit småfly fekk han sjå Skålatårnet og Skålabu i ei ny drakt.

– Det var utruleg mykje snø, seier Iversen.

Vinden hadde pakka det populære turmålet i Stryn inn i store mengder is og snø. For den som skulle ønske å ta seg inn i tårnet hadde det blitt ein stor jobb.

– Vi såg at det var umogleg å kome inn i tårnet, sjølv med spade hadde du blitt ståande i timevis, seier Iversen.

Piloten har fleire gongar vore på Skåla til fots og på ski, men har aldri sett tårnet i ei slik drakt. Denne gongen slapp han å sveitte under turen, sa han til avisa Fjordingen.

Skålatårnet er pakka inn i is
Skåla i vinterdrakt
Skålatårnet i vinterdrakt

Isskulptur

– Det er rett og slett litt stilig å sjå. Men det er ei påminning om at det har vore tøffe forhold og framleis kan vere tøft der oppe, seier Per Arne Aadland, hyttedriftansvarlig i Bergen og Hordaland Turlag.

Aadland har ikkje lagt turen til Skåla i vinterhalvåret og vil heller ikkje tilrå å legge turen dit akkurat no. I deler av terrenget er det stor skredfare med bratte heng.

I tillegg er turmålet no blitt ein skulptur av snø og is.

– Du må belage deg på noko jobb før du kjem i hus i alle fall, ler Aadland.

Akkurat den jobben håper han no at vårsola skal ta brorparten av. Likevel reknar han med at det kjem til å stå att ein god del arbeid til dei første som kjem opp og skal inn i hyttene.

– Det vert ein bra jobb når våren kjem, legg han til.

Skålabu

SOMMARDAG: Når vårsola har fått gjort sitt er dette som ventar dei turgåande.

Foto: Sindre Heggebø

Stor skredfare

NVE har sendt ut farevarsel om stor skredfare i fire regionar på Vestlandet.

På Voss, Hardanger, Sunnmøre og i Indre Fjordane, der Skåla ruvar med 1848 høgdemeter.

Årsaka er at vêret skal ta seg opp det komande døgnet.

– I fjellet forventar vi at det vert danna store fokksnøflak i le område som kan losne naturleg, seier Emma Julseth Barfod, vaktleiar i snøskredvarslinga.

Ho ber turgåarar halde seg unna skredterreng.

Skålatårnet i snø, 25. august 2020

AUGUSTSNØ: I 2020 fekk tårnet vinterdrakt litt før tida. Det året var det dette synet som møtte turgåande.

Foto: Kjetil Tveranger