Hopp til innhold

Tjuverimistenkt par stakk av frå politiet

Eit utanlandsk par var etterlyst i Skei fordi politiet mistenker at dei har tjuvegods i bilen. No har politiet funne paret.

To personar er pågripne og tatt med til avøyr etter at politiet i ettermiddag leita eter dei, med tre politipatruljar.

– Dei hadde gøymd seg og vart funne like ved lensmannskontoret. No er dei mistenkt for tjuveri av klede, som vi trur høyrer til både i Sogn og Fjordane og utanfor, seier operasjonsleiar Marianne Føleide ved Vest politidistrikt.

Grunnen til at dei er pågripne er at dei stakk av frå politiet då dei fann noko dei mistenkte var tjuvgods i bilen til paret.

Paret vart stoppa i trafikken for å køyre for nær bilen framfor. Då vart dei tatt med til lensmannskontoret i Jølster for å få eit forenkla førelegg. Etter at politiet undersøkte bilen dei køyrde, mistenkte dei at det var tjuvgods i bilen.

Då klarte paret å kome seg unna, slik at politiet ikkje fekk stilt spørsmål om lasten i bilen. Bilen sto att utanfor lensmannskontoret, og politiet etterlyste paret.

– Det er grunn til å tru at det er ein del tjuvegods i bilen, og i samband med det ønsker vi å snakke med dei, sa operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt, då leiteaksjonen gjek føre seg tidlegare i ettermiddag.

Politiet la ut ei skildring av dei to personane på Twitter. I tillegg leita dei med tre patruljar etter dei i området kring Skei.

Hatlenes ved politiet sa at mannen har irakisk opphav.