Tiltalt for overgrep mot 19 barn – fekk kontakt via Fortnite

Ein mann i 20-åra er tiltalt etter å ha sendt og fått seksualiserte bilete frå barn mellom sju og 15 år.

Fortnite illustrasjon

ILLUSTRASJON: Fortnite blir spelt av millionar over heile verda. – Sjølv om det berre er speling, så kjem borna i kontakt med andre som dei ikkje skulle hatt kontakt med. Foreldre må følgje med, har politiadvokat Sissel Kleiven tidlegare uttalt til NRK.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen i 20-åra frå Sogn har sete i varetekt i over eitt år.

Politiet har brukt lang tid på å rulla opp materialet i den store overgrepssaka. No er tiltalen klar og den er omfattande.

Totalt er mannen tiltalt for overgrep mot 18 unge gutar og ei jente. Barna var i alderen sju til femten år då dei vart utsett for overgrepa, som har skjedd over nett via TikTok og Snapchat.

Gjennom det populæret spelet Fortnite fann han og tok kontakt med dei fornærma.

– Han er ganske god i spelet, og mange yngre beundra og ynskte å bli betre kjend med han, sa politiadvokat Sissel Kleiven til NRK under etterforskinga av saka i 2020.

Politiadvokat Sissel Kleiven

FORTNITE: Politiadvokat Sissel Kleiven seier mannen fekk kontakt med fleire av barna gjennom TV-spelet Fortnite.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Grove meldingar

Mannen har fått barna til å gjera grove seksuelle handlingar på seg sjølv, som dei så sende bilete og videoar av tilbake.

Dette har han i stor grad gjort frå heimen sin. Ved nokre høve gav han seg ut for å vera ei 11 år gamal jente.

I tillegg til seksuelle bilete av seg sjølv, har han også sendt avkledde bilete av ei jente til nokon av dei mindreårige gutane.

Den yngste av dei 19 fornærma i saka var sju år då overgrepa hende. Dei fleste i alderen 10–12 år.

– Tiltalen er i stor grad tilstått. Det har han gjort sidan fyrste politiavhøyr, seier forsvararen til mannen, Lene Knapstad.

Ho seier til NRK at han har samarbeidd med politiet frå fyrste stund.

– Han er lei seg for det han har gjort.

Lene Knapstad, bistandsadvokat

FORSVARAR: Tiltalte sin forsvarar Lene Knapstad seier mannen har samarbeidd med politiet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kontakt på sosiale media

Saka starta då eit foreldrepar politimelde at sonen hadde hatt seksualisert kontakt med ein på nettet.

Mannen i 20-åra brukte dei sosiale media TikTok og Snapchat til å ta imot dei seksualiserte meldingane og bileta.

Kontakten vart gjerne oppretta gjennom spelet Fortnite først.

Den tiltalte brukte mykje tid på spelet, og hadde også mange følgjarar på TikTok fram til kontoen vart sperra.

– Dei møttest att på TikTok, og då føreslo oftast han meir kommunikasjon på Snapchat. Der skjedde bileteutvekslinga, har politiadvokat Kleiven forklart.

15 barn ikkje identifisert

Nettovergrepa skal ha skjedd mellom mars 2019 og januar 2020.

I tiltalen kjem det også fram at mannen mellom 2016 og 2019 jamleg har lasta ned anna overgrepsmateriale.

I sum dreiar det seg om 1258 bilete og 63 videoar. I materialet er det 15 barn som enno ikkje er identifisert. Ved minst to høve har han delt bilete vidare til andre.

I april må mannen møte i Sogn og Fjordane tingrett. Det er sett av åtte dagar til saka.