Tiltalt for å ha svindla Husbanken

To sunnfjordingar i 50-åra er tiltalt for omfattande svindel av Husbanken, etter å ha fått utbetalt 32 millionar kroner i lån og tilskot.

Økokrim

TILTALE: Økokrim har teke ut tiltale mot to personar.

Summen i tiltalen er nesten 40 millionar kroner. Husbanken betalte ut om lag 32 millionar kroner, samt at dei to fekk tilsegn om lån og tilskot på litt over 9 millionar kroner.

Dei to mennene, begge busette i Sunnfjord, er tiltalt for grovt bedrageri. Det har ei strafferamme på inntil seks år i fengsel.

– Tiltalen bygger på at det er gitt uriktige opplysingar til låne- og tilskotssøknadar til finansiering av bustadprosjekt. Det er søkt om lån og tilskot på til saman 40 millionar kroner, seier politiadvokat Susanne Åsheim Ihlebæk

Dei er også tiltalt for kvitvasking, opplyser Ihlebæk.

Bustader til flyktningar

I korte trekk går tiltalen ut på at dei søkte om meir pengar frå Husbanken til finansiering av utleigebustader til vanskelegstilte på austlandsområdet enn dei hadde krav på.

– Er det bustadar til flyktningar det er snakk om?

– Ja, det stemmer, seier Ihlebæk.

Ifølgje tiltalen har bedrageriet gått føre seg frå mars 2015 til oktober 2017. Saka skal gå i Sogn og Fjordane tingrett til hausten.

Advokat Arild Dyngeland, forsvarar til den eine tiltalte, seier til NRK at han ikkje har nokon kommentar til saka.

Advokat Håkon Sæthre Rasmussen, som forsvarar den andre tiltalte, ønskjer å diskutera tiltalen med sin klient før han kommenterer saka.

– Glad for tiltale

Det var då Husbanken fekk opplysingar om at dialog mellom selskapet som dei to tiltalte dreiv og kommunane gradvis vart dårlegare, dei fatta mistanke. Dei fekk også eit tips frå ein underleverandør som hadde problem med å få betalt frå selskapet.

Det var hausten 2017. I januar 2018 melde dei saka til politiet.

– Me er veldig nøgde med at Økokrim no har teke ut tiltale i denne saka, seier Rune Robertsen, direktør for lån og tilskot i Husbanken.

I 2015 kom det veldig mange flyktningar til Europa. Over Storskog i Finnmark kom dei syklande frå Russland. Det førte også til eit akutt behov for bustadar.

– Det var ein type dugnad. Pengestraumen vart auka, og det var eit stort behov i kommunane for å skaffa bustadar for denne gruppa. Det vart eit kraftig løft, og veldig mange som starta med dette, seier Robertsen om det å starta med utleige til det føremålet.

Denne saka har ført til at Husbanken har skjerpa rutinane sine.

– I dei aller fleste sakene meiner me at me har hatt bra kontroll. Men det er klart at ei slik type sak viser at me ikkje har hatt god nok kontroll. Det har også medført at me frå 2018 – sidan då har me også hatt ei anna, liknande, sak – har skjerpa rutinane våre betydeleg. Dette ville ikkje skjedd i dag, seier Robertsen.