28-åringen bad om å få forklare seg då politiet arresterte han i broren si leilegheit like etter klokka 22 i går kveld og vart difor avhøyrd i natt. Han hadde sjølv ringt etter legehjelp til den 32-år gamle broren, etter basketaket som enda med at han stakk broren i brystet med ein kniv.
Dei to hadde vore på ein utestad i Sogndal tidlegare på kvelden. Eldstebroren gjekk heim til seg sjølv i 20-tida, og halvannan time seinare kom 28-åringen etter. Rundt klokka 22 vart politiet varsla om drapet via legevakta.
Kripos på staden
Tekniske etterforskarar frå Kripos er på plass i Sogndal for å hjelpe til med etterforskinga. Den taktiske etterforskinga vil også halde fram med undersøkingar hjå naboane til åstaden.
I siktinga forsettleg drap ligg det at drapet ikkje er planlagt, men at det er utført med vilje. Broberg vil ikkje inn på kor vidt det betyr at dei ikkje trur på den sikta si forklaring.