Hopp til innhold

Til sjukehus etter kollisjon i tunnel

Lange køar etter at to bilar har kollidert i Bolstadtunnelen på E16.

Kø etter ulykke på E16

Ulykka førte til kilometerlange køar.

– Vi har fått melding om at to bilar har kollidert i Bolstadtunnelen på E16, seier operasjonsleiar Preben Wallestad ved Hordaland politidistrikt til NRK.

SEND TIPS ELLER BILDE: Har du tips om denne saka eller bilde frå staden. Send epost til hordaland@nrk.no eller MMS/SMS til 1987 med kodeord VR.

Ein skadd til Voss sjukehus

Klokka 17.30 opplyser politiet at ein person er skadd i ulykka.

– Vedkomande er frakta til Voss sjukehus med smerter i det eine kneet, seier operasjonsleiar Preben Wallestad.

Han seier det no er klart at det var snakk om ein frontkollisjon mellom to personbilar. Wallestad kjenner ikkje til at det er fleire skadde i ulykka.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 16.01.

Tunnelen var stengt i om lag ein halv time etter ulykka, men klokka 16.32 opplyser Statens vegvesen at det er manuell dirigering av trafikken forbi ulykkesstaden.

Lange køar

Vegtrafikksentralen opplyser at det er svært lange køar på E16, spesielt i i retning Bergen. På det verste skal køen ha vore om lag 12 kilometer.

– Mange frå bergensområdet skal heim igjen frå Voss Cup no i ettermiddag. Men etter ulykka fekk vi varsla deltakarane via arrangøren sitt høgtalaranlegg, seier vaktoperatør Ove Amundsen ved vegtrafikksentralen.

Han reknar med at nokon har utsett avreisa frå Voss eller tatt turen om Hardanger.

Klokka 17.54 sender Vegtrafikksentralen ut melding om at vegen er open for fri ferdsel.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.