Hopp til innhold

Til Oslo med 4000 underskrifter

Støtteaksjonen for Simon (9) skuffa over å ikkje få møte statsministeren.

På toget. MMS-foto: Heidi Lise Bakke

PÅ VEG TIL OSLO: Kåre Leif Hollevik og Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal på toget på veg til Oslo for å levere underskriftene til politikarane på Stortinget. MMS-foto: Heidi Lise Bakke

Etter eitt og eit halvt år i Florø, fekk Simon og faren Fkade Thaye (29) avslag på søknaden deira om opphald i Norge. No er dei tilbake i slummen i Italia - det første europeiske landet dei kom til etter å ha flykta frå Eritrea.

Utsendinga har vekt sterke kjensler i Florø, der Simon har knytt mange band. I løpet av nokre dagar har ein støtteaksjon samla inn fleire tusen underskrifter til støtte for niåringen og faren hans.

- Vi nærmar oss 4000 underskrifter i aksjonen for Simon, seier Per Bloch Helmers.

Teikning

STØTTE: Elevar ved ungdomsskulen i Florø teikna i går for å uttrykke støtte til Simon og faren. Foto: Torje Bjellaas

Vart levert politikarane i dag

Han er overvelda over støtta til Simon og faren Fkade Thaye frå folk i kystkommunen. I går hadde støtteaksjonen fått inn bortimot 3000 underskrifter - ved midnatt kom det inn nye bunker som sende talet opp i nærare 4000.

- Det er eit kjempeengasjement for denne saka, seier Helmers.
Folk frå aksjonen var i morgontimane torsdag på flyet til Oslo, der dei klokka 10.00 overleverte dei mange tusen underskriftene til politikarane på Stortinget.

Håpet var at statsminister Jens Stoltenberg kunne ta imot dei - men det vert det ingenting av.

- Det er skuffande at eit så stort tal personar i ein kommune ikkje blir tekne på alvor og møtt av statsministeren, seier Kåre Leif Hollevik i støtteaksjonen.

Forventar snarleg retur

Håpet er likevel at også dei folkevalde skal få auga opp for Simon og faren Fkade Thaye, som no er tilbake under open himmel i slummen i Italia.

- Eg har forventingar om at politikarane grip fatt i dette, og at Simon kjem heim att til Florø i løpet av kort tid, seier Hollevik.

- Saka har treft folk her lokalt. No håpar eg den treff politikarane også, seier Helmers.

Svarer ikkje på kritikk

Bente Frøyen Steindal og Kåre Leif Hollevik utanfor Stortinget. MMS-foto: Heidi Lise Bakke

VENTA: Kåre Leif Hollevik og Bente Frøyen Steindal venta på kafé utanfor Stortinget. MMS-foto: Heidi Lise Bakke

Heidi Grande Røys (SV) gjev regjeringspartnarane skulda for at Simon og faren vart kasta ut av Norge.

Men korkje statsminister Jens Stoltenberg, arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen eller SP-leiar Liv Signe Navarsete vil kommentere kritikken frå regjeringskollegaen .