Hopp til innhold

Til finalen i Gothiacupen

Florø SK sitt gut 15-lag møter svenskar i finalen.

Fotball. Illustrasjon.

Illustrajonsbilete.

Foto: NRK. / NRK

Florø Sportsklubb sitt lag for gut 15 gjer det godt i det som vert rekna som verdast største fotballturnering.

Møter svenskar i finalen

Litt over klokka 12 i dag møter dei svenske Ørgryte i til kamp i finalen.

I går vann Florøgutane 3-1 i semifinalen i turneringa som føregår i Gøteborg.

Skal "fleske til"

Og for Florøtrenaren er det heile fantastisk moro.

- Det er heilt ubeskriveleg å nå så langt, seier trenar Bengt Solheim Olsen.

- Kva trur du om utfallet i finalen?

- Eg trur alt kan skje, no skal vi berre "fleske til", seier Solheim Olsen.