Hopp til innhold

Tiggarar går rett inn i hus

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dei bankar på, gir frå seg ein lapp og går rett inn i huset til folk.

Politiet åtvarar no mot tiggarar med ein ny og meir pågåande form for tigging.

I går kveld kom det inn melding om tiggarar frå seks ulike plassar i Hardanger: Odda, Sekse, Hovland, Jondal, Utne og Tyssedal.

– Vi har fått inn ei rekkje meldingar, opplyser politiet på Twitter.

I minst to av tilfella har tiggarane trengt seg inn i hus.

Politiet har grunn til å tru at tiggarane blir frakta rundt med bil.

– På bygda er ein gjerne vant til å ha døra ulåst. Det kan vera greitt å lukka og låsa. Viss nokon er utrygge, kan dei også høyra kven det er før dei opnar, seier operasjonsleiar Inger Myrtvedt i Hordaland politidistrikt til bt.no.