Hopp til innhold

Fleire sympatiserer med tiggarane

Fleire angrep mot tiggarbrakka i Kristiansand har endra folk si haldning mot tiggarane i byen. Det meiner fleire fagpersonar.

Tigger

FÅR SYMPATI: Fleire meiner at fleire innbyggjarar i Kristiansand sympatiserer med tiggarane i byen etter at tiggarbrakka kom.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

– Mange av dei same ansikta har vi sett dagleg i mange månader. Det gjer nok med at vi får større sympati fordi vi kjenner dei att, seier fungerande domprost i Kristiansand, Aud Smedmo til NRK.no.

Smedmo er i tillegg leiar av ressursgruppa som jobbar med tiggarproblematikken i sørlandsbyen.

Hærverk og trugslar

31. august i år opna den såkalla tiggarbrakka med sanitæranlegg, som tiggarane kan nytte. Kort tid etter opninga vart tiggarar utsett for trugslar og det vart gjort hærverk på brakka.

– Det skjedde noko etter det. Eg trur fleire som har halde seg ganske passive i tiggarproblematikken meir prega av sympati, seier Smedmo.

Domprosten trur ikkje at dette kan føre til at fleire tiggarar kjem til Kristiansand.

– Dei som kjenner problematikken aller best seier at tiggarmarknaden i Kristiansand er metta og har ikkje tru på at det vil komme særleg fleire enn dei som er komme allereie, seier ho.

Tiggarar saman med tolken Daniela Simone Lezeu

FÅR RÅD: Bobby (t.v) og Lorry (t.h) saman med tolken Daniela Simone Lezeu.

Foto: Yngve Stiansen/NRK

– Ein del gir oss råd

Hos Frelsesarmeen møter NRK.no Bobby og Lorry frå Romania. Dei deltek i føremiddagsandakta saman med andre tiggarar og flyktningar.

– Folk viser meir sympati, seier Bobby.

– Det er skilnad. Nokon viser sympati, andre ikkje. Ein del kjem bort og gir oss råd og hjelper oss med ulike ting, seier Lorry.

Kari Klingsheim

Kari Klingsheim jobbar som diakon hos Frelsesarmeen.

Foto: Yngve Stiansen/NRK

Kari Klingsheim jobbar som diakon hos Frelsesarmeen og har blitt kjend med mange av tiggarane. Også ho meiner at sympatien til tiggarane er større enn tidlegare.

– Det kjem stadig menneske som gjerne vil støtte med både klede og mat og dei spør kva dei kan gjere, seier ho til NRK.no.

– Forferdeleg

– Det har vore skrive mykje flott om tiggarane i media også. Folk ser kva kommunen gjer for dei og eg trur at det vil vere med på å gjere folk meir bevisst, seier Klingsheim.

Ho trur også at hærverket på tiggarbrakka har sitt å seie.

– Mange menneske tykkjer det er forferdeleg at dei ikkje let dei vere i fred, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

 Agder Fengsel - Froland

Stor interesse for ny fengselsutdanning

en mann som sitter ved et bord

Ti siktet etter ransbølgen: Politiet utelukker ikke flere pågripelser

Arendal

Droner observert over Arendal sentrum – politiet etterforsker

En flått sitter på et blad

– Vi har sett flått på dyr og mennesker til jul

en person i hjelm som snakker med en person på sykkel

Uno-X nær seier i nervedramaet: – Ekstremt lettet

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste