Hopp til innhold

Tidenes beste år for lakseoppdrett

2009 kan bli eit rekordår for norsk oppdrettsnæring.

Lakseeeksportøren Coast Seafood i Måløy runda 2 milliardar i omsetnad i fjor, før første gong.

Ei av årsakene er at laksesjukdom har ramma konkurrentane i utlandet.

Men det er ikkje sikkert veksten vil halde fram: Slutt på oppdrettsvekst?

Aldri betre

– Det har vore ein fantastisk periode med høge prisar, fortel Sverre Søraa i Coast Seafood.

Finansanalytikar i DnB NOR Markets, Klaus Hatlebrekke, meiner næringa aldri har gjort det betre.

Milliardforretning

– Så langt i år har det vore heilt fantastisk. Prisane har gått opp med 25 prosent sidan i fjor, og vi sel ti prosent meir fisk. Det må vere det beste året vi har hatt innanfor laksenæringa nokonsinne, fortel han.

Bransjen trur det vil ta årevis før konkurrentane er skikkeleg på bana att.

I Måløy fører det til at laks er blitt milliardforretning.

– Utsiktene vidare for dette året, og kanskje inn i neste år, ser svært gode ut, seier Hatlebrekke.