Tide vurderer vakthald

Tide vil vurdera vakthald på endestoppen på Birkelundstoppen etter at ein bussjåfør blei angripen fredag. Det er det andre angrepet på under ei veke. – Me vil at tilsette og reisande skal kjenna seg trygge. Me vil vurdera å møta fylkeskommunen og Bergen kommune for å diskutera tiltak, til dømes vakthald, seier kommunikasjonssjef Lubna Jaffery i Tide.