Hopp til innhold

- Stjerneduellen trakk folk

Ifjor hadde Florø Friidrettsfestival 300 tilskodarar. I år: 1000.

Tero Pitkämäki og Andreas Thorkildsen
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

- Eg trur stjerneduellen mellom Andreas Thorkildsen og Tetro Pitkämäki er mykje av årsaka til auken, seier Rune Osa, som er ein av karane bak festivalen.

For dei siste åra har det vore labert med tilskodarar på Florø Friidrettsfestival. Ifjor kom berre 300.

- Det er godt det tek seg opp igjen. No blir det festival neste år også, seier Osa.