I midten av september slepp Thea Hjelmeland oppfølgjaren til debutalbumet «Oh, the third».
Albumet har fått namnet «Solar Plexus», og er ei svært personleg plate.
– Eg har brukt musikken og tekstskrivinga til å tilarbeide kjenslene og det eg har vore igjennom siste åra, seier Førde-artisten.
Sleppte singel
Debutplata vart varmt motteken og hausta gode kritikkar. På det nye albumet har ho både ny produsent og nye musikarar.
Som ein forsmak på det som ventar, sleppte ho i dag singelen «Feathery». Ei låt ho skildrar som sterk og personleg.
(Artikkelen held fram under musikkvideoen)
– Den handlar om lengselen etter å vere fri og kunne fly vekk, men utan å flykte. Å kunne fly fritt og vere i eitt med seg sjølv og alt rundt, utan hindringar, fortel Hjelmeland.
Kjærleikssorg
Plata ho neste månad slepp på Åmot Operagard, er ein presentasjon av hennar inste tankar og kjensler siste åra. Siste åra har nemleg vore ei tøff tid, med ein veldig tung sorgprosess.
SINGEL: I dag kom Thea Hjelmeland med sin nye singel. 12. september blir det plateslepp på Åmot Operagard for albumet «Solar Plexus».
Foto: PlatecoverSkriveprosessen har vore djuptgåande og Hjelmeland fortel den har fungert som ei form for terapi. Den har også vore utfordrande.
– Låtskrivinga har kosta meg mykje og gjeve meg stort tilbake. Det har vore ei tilarbeiding av ei livskrise og ei kjærleikssorg eg ikkje hadde førestilt meg at ein kan oppleve, seier Hjelmeland.
Terapi
– Komponeringa har vore terapeutisk og eg har tvunge meg sjølv til å uttrykke alt; rive meg sjølv ut av komfort-sona og ut av den selektive handteringa av kva kjensler som skulle vere synlege for andre enn meg sjølv. Konfrontere og sleppe taket, rett og slett, utdjupar ho og seier ho førebels ikkje kjenner seg klar for å gå djupare inn på den tunge tida.
– Men som resultat av det, meiner eg musikken er blitt veldig sterk, og eg har kome meg gjennom kjensler som gjer at ein set att med ei lette, seier ho.