Hopp til innhold

Terra-saka vil svi - lenge

Fire av dei åtte kommunane som tapte stort på amerikanske risikofond, reknar med å måtte bruke åtte år til på å betale rekninga.

Vik kommunehus

Vik kommune ser ut til å ha blitt hardast råka av Terra-skandalen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Innbyggjarane i Vik ser ifølgje Nationen ut til å bli hardast råka.

- Vi har fått oss ein frykteleg ryggsekk, og har måtte køyre mange og tunge prosessar for å få budsjettet for 2010 på plass, seier rådmann Oddbjørn Ese.

Store endringar

For medan dei fleste kommunane klarer oppgjeret utan store kutt i velferdstilbodet, har Vik lagt ned eit eldresenter, tømt eit symjebasseng for vatn, endra skulestrukturen og kutta i seniortiltak og sentraladministrasjon.

- Heldigvis har vi hatt relativt romsleg økonomi tidlegare, og vi har gode inntekter frå kraftproduksjonen. Men eg merkar ein viss frustrasjon blant folk, sjølv om mange også utrykkjer ein viss aksept for tiltaka, seier Ese og vonar at dei no er ferdige med dei vanskelege vedtaka i kommunen.