Hopp til innhold

Får krisemillionar

Bremanger og Vik får nok ein gong redningshjelp frå staten.

Svelgen
Foto: Steinar Lote / NRK

Bremanger og Vik får til saman 15 millionar kroner i skjønsmidlar i år. Bremanger tapte vel 250 millionar kroner og Vik vel 90 millionar på Terra-skandalen der kommunane kjøpte rotne amerikanske verdipapir.

Kvart år sidan har kommunane fått skjønsmidlar silk at vegen ut av uføret skal verte lettare.

Pengane går til banken

Kommunalminister Liv Signe Navarsete fortel at pengane i hovudsak skal gå til nedbetaling av gjeld.

- Seks millionar til Vik og ni millionar til Bremanger. Dette er pengar som i hovudsak skal gå til nedbetaling av gjeld. Pengane er eit handslag for at dei skal kome seg gjennom den tøffe perioden dei har, men er også ei anerkjenning av den viktige og flotte jobben kommunane gjer for å rette opp økonomien sin. Dei kan også få bruke inntil ein million av desse midlane kvar for seg til næringsutvikling.

Meir enn venta

Vik kommune hadde budsjettert med 4 millionar i skjønsmidlar, og Bremanger 7,5 millionar. Dermed fekk begge kommunane meir enn dei hadde trudd. Bremangerrådmann Tom Joensen og rådmann i Vik, Oddbjørn Ese, er glade for meldinga frå kommunalministeren.

- Det er veldig greitt å få ei konstatering av kva storleiken vert på skjønnsmidlane, seier Ese.

Skuldar framleis over 200 millionar

Men begge kommunane har framleis svært stor gjeld etter Terra-skandalen, og vegen ut av den økonomiske hengemyra er framleis lang.

- Vi har jo endå 206 millionar att å betale ned, men her hjelper alt oss i høve til det å greie nedbetalingsplanen vår, seier Joensen.