Hopp til innhold

Tente 162 mill i første halvår

Oppturen for Hydro i Sogn held fram. Etter nokre tøffe år går både Årdal Metallverk og Høyanger Metallverk med solide overskot.

Årdal Metallverk/Høyanger Metallverk

GOD BUTIKK: Årdal Metallverk (t.v.) og Høyanger Metallverk (t.h.) har for alvor lagt bak seg finanskrisa.

Foto: NRK

Gleda var stor i industrisamfunna då dei to hjørnesteinsbedriftene leverte plusstal etter første kvartal i år. Då hadde ein lagt bak seg år med finanskrise, låge aluminiumsprisar og underskot.

I dag kunne Hydro leggje fram eit solid halvårsresultat. Industrikonsernet sit att med 161 millionar kroner i overskot i Sogn etter årets seks første månader.

Nær 100 mill. i Årdal

Det største av dei to, Årdal Metallverk har eit overksot på 91 millioner kroner. Omsetnaden auka med 294 millionar kroner, til 2.62 milliardar kroner.

Produksjonen i elektorysen, såkalla primæraluminium auka med 2.331 tonn i høve til første halvår i fjor.

Ved utgangen av juni var det 603 fast tilsette, mot 631 på same tid i fjor. Det er registrert sju personskader i løpet av første halvår.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Årdal metallverk

Årdal Metallverk.

Foto: NRK

Høyanger: – Vi ser resultatet av omstillinga

Velsebror Høyanger har eit overskot på solide 71 millionar kroner. Her auka omsetnaden med 103 millionar til 951 millionar kroner.

– Vi er godt fornøgde med resultatet, seier fabrikksjef Egil Fredriken ved Høyanger Metallverk.

Han seier ein no ser resultatet av ein omfattande omstillingsprosess.

– I samband med finanskrisa måtte vi gjennom ein ganske omfattande omstilliong for å i det heile tatt overleve. Vi har gjort forbetringar som tilsvarar 86 millionar kroner per år. Det er nok resultatet av denne omstillinga vi no ser att. Det er veldig bra, ikkje minst med tanke på framtida til metallverket.

På same tid i fjor hadde Hydro eit underskot på 6 millionar kroner.

– Og det er ikkje så store skilnader på metallprisane i år i høve til i fjor, poengterer Fredriksen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Høyanger Metallverk

Høyanger Metallverk

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Over 4,5 år utan skader

Fabrikksjefen gler seg også over at metallverket sin årelange trend utan skader også held fram.

– Vi jobbar veldig godt og har heller ikkje hatt skader, seier Fredriksen.

Det har no gått 1750 dagar sidan siste skade med fråver på metallverket. Dei siste 12 månadene har ein heller ikkje fått reklamasjon frå kundar.

Metallverket hadde hadde ved utgangen av juni 159 fast tilsette, mot 175 på same tid i fjor.