Hopp til innhold

Hundrevis deltok på minnemarkeringa i Florø

AUF-politikarane i Florø er i djup sorg etter marerittet som skjedde med kameratane deira på Utøya. Hundrevis av menneske møtte opp i Florø søndag kveld for å dele sorga med dei.

Minnemarkering florø

FLORØ SAMLA: Hundrevis av unge og vaksne samla seg i Florø sentrum søndag kveld.

Foto: Simon Solheim / NRK

Både Kjetil Klakegg Bergheim og Thor Mehammer frå Florø var på Utøya då det tragiske skjedde. Dei såg vener blir drepne rett framfor augene deira. Hanne Kristine Fridtun er framleis sakna.

Sorga er stor, og under ei minnemarkering i Florø kom kjenslene fram. Politikarar, ungdommar, politifolk, lærarar, ambulansearbeidarar og journalistar heldt kvarandre i nevane og grein saman.

Minnemarkering Florø

STERKE ORD: Mange tende lys, og minneord prega kvelden i Florø.

Foto: Simon Solheim / NRK

Gråtkvalt ordførar

– Her i Florø har vi vore heldige, for her har våre kome heim i livet. Men no må vi alle stå saman. Vi må sørge i lag, sa Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap) under minnemarkeringa. Ho var gråtkvaldt og måtte tørke tårene då ho talte til dei som hadde møtt fram.

Fleire hundre menneske møtte opp på Torget midt i Florø sentrum søndag kveld. Det var ungdommar som hadde tatt initiativet til minnemarkeringa. Folk heldt kvarandre i hendene og grein saman. Lys vart tende og blomar lagt ned til minne om dei som vart drepne av Anders Behring Breivik (32).

Skal stå saman

– Dette er eit angrep på oss alle. No er det viktig at vi bryr oss om kvarandre. Vi skal stå saman, og vi skal ikkje la oss knekke av det som har skjedd, sa ungdomsordførar Erlend Bøe (H) i Flora kommune.

– Dette er eit angrep på oss alle og det rører oss alle, seier Bøe til NRK.no.

Leiar i Flora AUF, Malene Indrebø-Langlo, var også framme å snakka til dei som hadde møtt fram. Ho var svært prega av situasjonen.

Fleire av dei lokale AUF-politikarane kjende dei som vart drepne og dei som stod midt oppe i det som skjedde fredag ettermiddag.

– Eg er i djup sorg, men samstundes har vi eit lite håp for dei som framleis er sakna. Det er heilt forferdeleg det som har skjedd, og det går nesten ikkje an å førestille seg, seier Frode Hammerseth.

Kjenner fleire drepne

Hammerseth kjende fleire av dei som er drepne. For han var det fint å sjå at så mange hadde møtt opp på minnemarkeringa i Florø søndag kveld.

– Det er forferdeleg å miste og det er forferdeleg at Hanne (Hanne Kristine Fridthun, journ.merk.) er sakna. Dette kan ikkje beskrivast, seier Hammerseth til NRK.no.

Jacob Nødseth (H) plar som regel vere ein mann av mange ord, men i dag var det litt annleis.

– Dette går ikkje an å beskrive. At ein mann kan gå rundt å slakte unge menneske som var på leir for å lære meir om det finaste vi har, demokratiet, er heilt forferdeleg, seier Nødseth til NRK.no.