Telefonkabel heng lågt over rv. 13
På riksveg 13 ved Nyestølen mellom Myrkdalen og Vikafjellet heng ein telefonkabel lågt over vegen. Det betyr at det ikkje er passasje for køyretøy som er høgare enn tre meter, skriv Vegtrafikksentralen vest på X. Dei har mannskap på staden og Telenor er på veg for å fiksa kabelen.