Hopp til innhold

Tusenvis av foreldre i kø skapar konfirmasjonskaos

Neste år er det fleire som vil konfirmera seg humanistisk. Akkurat no står fleire tusen i kø for å registrera seg.

Kø-sida til Humanetisk forbund. Her er klokka 11.03, og det er 5807 personar i køen.

KØ: Nettsida hadde tekniske problem etter massiv pågang.

I dag opna påmeldinga til Human-Etisk Forbund sin konfirmasjon. Det viste seg at mange foreldre sat klare til å melda borna sine på.

Ein forelder NRK har snakka med sat klar då påmeldinga opna klokka 9. Då ho klikka seg inn var det over 4000 framfor ho i køen.

Og køen vart ikkje kortare i timane som følgde. Like over klokka 11 var det over 5800 personar i kø.

Den enorme pågangen førte til lang ventetid.

I 11-tida la Human-Etisk Forbund ut ei melding om tekniske problem på Facebook-sida si. I kommentarfeltet melder folk at dei har vore både to, tre og fire timar i nettkø.

Generalsekretær i Human-Etisk Forbund, Trond Enger, stadfestar at det har vore enorm pågang.

– I fjor melde 1108 seg på den første dagen, men det er allereie over 3000 påmelde så langt i dag, sa Enger like før klokka 11.30.

Konsekvensen av køen kan bli at konfirmantane ikkje får delta på kurset dei ønskjer seg og ikkje får konfirmasjonsdatoen dei helst vil ha.

– Det var heilt kaos

Ei av dei som sat klar i dag tidleg var Marit Pernille Børstad. Ho skulle melda på tvillingane sine. Det er tre år sidan ho hadde konfirmant sist, og fordi ho hugsa at ho stod i kø den gongen var ho førebudd i år.

– Systemet verka jo, men det er veldig mange som skal melda seg på samtidig. Når heile Noreg skal stå i ein kø, så er det ikkje så rart det blir tekniske problem.

Fordi ho har to konfirmantar til neste år, stod ho i kø både på datamaskina og på telefonen. Ho sat klar frå klokka 8.30, i kø for å koma inn i køen.

Først kom ho gjennom på datamaskina, men då ho skulle trykka «fullfør», fekk ho feilmelding.

– Då vart eg kasta ut, og hamna bakarst i køen, bak fem tusen menneske.

Til slutt viste det seg at påmeldinga hadde kome gjennom. Etter kvart kom ho gjennom med telefonen òg, og tvillingane var påmelde klokka 11.

– Me fekk det kurset me ville.

Òg Trine Føyn frå Stavanger var klar for å melda tvillingane sine på eit av kursa.

– Me var fleire som sette oss ned samtidig, slik at ungane våre skulle få koma på same kurs. Men mange av kursa var allereie tekne, sjølv om me sat klare før påmeldinga opna. Det var heilt kaos, seier ho.

Trine Føyn

IKKJE NØGD: Trine Føyn håpar Human-Etisk Forbund endrar rutinane sine.

Foto: Privat

Ho seier ho forstår at det var tekniske problem, og at forbundet gjorde det dei kunne for å opna opp. Ho syns likevel det blir feil når folk må bruka så mykje tid på å melda seg på eit konfirmasjonskurs.

– Eg var blant dei heldige og kom gjennom etter 30 minutt, seier Føyn. Likevel er ho ikkje heilt nøgd. Ungane hennar kom ikkje med på same kurs som venene sine.

Populære kurs skapar kø

Men sjølv om køane er lange, både på telefon og på nett, skal ein ikkje vera redd for å ikkje få plass, skal me tru generalsekretæren.

– Alle får plass. Me har aldri avvist nokon, seier han.

Forklaringa på kvifor «alle» vil melda seg på første dagen, er at det er nokre kurs og opplegg som er spesielt populære. På dei er det avgrensa med plassar.

– I tillegg er det nok nokre mammaer og pappaar som har snakka saman, fordi det er viktig for 14-åringane deira å koma på same kurs, seier Enger.

Trond Enger, generalsekretær Human-Etisk Forbund

Trond Enger, generalsekretær i Human-Etisk Forbund.

Foto: Human-Etisk Forbund

Ifølgje Enger har køsystemet på nett stort sett fungert godt. Men tilstrøyminga på telefon blei ein flaskehals. Der kan det berre vera hundre personar i køen.

– Me måtte kalla inn ekstra folk til å ta telefonen.

Men òg på nett blei pågangen utfordrande, og køen blei sett på pause.

skjermbilde frå facebook - forbundet har tekniske problem

TEKNISKE PROBLEM: Skjermbilete frå Facebook-sida til Human-Etisk Forbund.

Foto: Skjermbilde frå Facebook

– Sjølv om me var førebudde var me ikkje førebudde på så enorm pågang, seier Enger. Han viser til at systemet fungerer slik at berre eit avgrensa tal personar kan sleppa gjennom om gongen.

Nokre har opplevd å falla ut av køen. Då hamnar dei bakarst igjen.

– Det må me berre beklaga.

Berre for medlemmar

Dei første dagane er påmeldinga berre open for medlemmar. Først neste veke opnar påmeldinga for alle. Det fører til at medlemstalet i forbundet aukar.

Forbundet har om lag hundre tusen medlemmar. Før klokka 12 i dag var det kome 450 nye. Den siste veka har dei fått 1992 nye medlemmar.

– Våre undersøkingar viser at det er fleire som trur dei er medlem av Human-Etisk Forbund, enn som er det. Me opplever at mange nyttar høvet til å melda seg inn, i tillegg til at mange har meldt seg inn i forkant, seier Enger.

Fleire medlemmar

Ifølgje Human-Etisk Forbund vel om lag 20 % av årskullet humanistisk konfirmasjon. I fjor fekk dei 13.800 påmeldingar.

8oVStRPueYo

KONFIRMASJON: Biletet er frå ein tidlegare humanistisk konfirmasjon i Oslo Rådhus.

Foto: Marianne Løvland / NTB

– Dette er ein kjempespanande dag. Me er glade for at konfirmasjonstilbodet vårt er så populært, seier Enger.

Han er spent på kor mykje medlemstalet aukar. Kor mange medlemmar dei har er avgjerande for statsstøtta dei får.

– Me er avhengige av støtta for å kunna tilby konfirmasjonar i heile landet og gi kurs til alle som vil.

konfirmasjonskø klokka 13

FRAM I KØEN: Skjermbiletet er teke klokka 13.15, etter like over to timar i kø.