Hopp til innhold

Trur likevel på ein fantastisk sesong

Nina Sønsteng, dagleg leiar ved Østerbø fjellstove, trur på ein fantastisk sesong trass i lite trafikk i juni og juli.

Østerbø fjellstove

GOD UTVIKLING: Østerbø fjellstove i Aurland har gått frå å vere nokre få rom av turisthyttestandard til å bli hotell med leilegheiter, hytter, fjellstoverom og campingplass.

Foto: Birger Meland / NRK

Østerbø fjellstove ligg 820 meter over havet, og er ein av dei største og mest populære overnattingsstadene blant fjellfolk i fylket.

I år har dei ikkje hatt så mange besøkjande som dei skulle ønskje.

Stillare enn normalt

Østerbø fjellstove

IKKJE BEKYMRA: Dagleg leiar ved Østerbø fjellstove, Nina Sønsteng, trur sesongen blir god sjølv om det har vore færre turistar i juni og juli.

Foto: Birger Meland / NRK

– Sesongen har vore litt stillare enn den pleier i juni og juli. Det er ikkje den store nedgangen, men folk sit og ventar og ser veldig mykje på Yr, seier dagleg leiar ved Østerbø fjellstove, Nina Sønsteng.

På same som måte som ved Briksdalsbreen i Olden har ikkje den norske fellesferien vore heilt på høgde med tidlegare år for fjellstova.

– Det er det same her, men det er ikkje den store forskjellen. Likevel drøymer vi jo alltid om ei auke, og det har vi ikkje fått dei to første månadene. Men vi har veldig mykje i august og september, så sesongen under eitt skal nok bli fantastisk, seier Sønsteng.

Djupe røter

Østerbø fjellstove har ei lang historie bak seg, med røter heilt tilbake til 1600-talet. Det speglar seg i interiøret, som blant anna består av utstoppa dyr som bjørn, jerv, ørn, og til og med ein isbjørn. På stolane kan turistane lese folkeeventyr av Asbjørnsen og Moe.

– På 1600-talet var det to gardar her oppe, og etterkvart vart det utvikla til støl og dei begynte å ta imot gjestar som kom vandrande over fjellet, fortel Sønsteng.

(Artikkelen held fram under biletet)

Østerbø fjellstove

TAKK FOR NO: Dei tjue tilsette ved Østerbø vinkar alle farvel. Blant dei tilsette er det mange ulike nasjonalitetar.

Foto: Birger Meland / NRK

Ho har jobba som dagleg leiar i 19 år, og utviklinga har vore enorm. Men det har vore viktig for Østerbø fjellstove å ta vare på historia og dei gamle tradisjonane.

– Det har vore ei fantastisk utvikling, og det har vore kjempemoro. Det starta med nokre få hus her oppe, med rom med turisthyttestandard. Så har vi bygd på mykje, og vi har no alle fasilitetar, alt frå hotellavdeling, leilegheiter, hytter, fjellstoverom og ein flott campingplass, seier Sønsteng.

– No har vi alt vi kan tilby, men samstundes har vi prøvd å integrere alt det gamle inn i bygningane våre. Vi er opptekne av å ta vare på gamle tradisjonar, seier ho.

Østerbø fjellstove

HISTORIE: I utviklinga av Østerbø har det vore viktig å ta med dei gamle tradisjonane inn i dei nye bygga.

Foto: Birger Meland / NRK