Hopp til innhold

Te av bergmynte og oregano

Å laga sin eigen te av urter vi finn i naturen burde fleire prøva.

Bergmynte te
Foto: Egil Torheim / NRK

I Godt for ganen denne veka har vi med oss urtespesialisten Geir Flatabø.

I grøftekanten langs vegen i Ulvik stoppa vi opp og fann både oregano eller bergmynte, og raudmynte - ein slags peppermynte.

 

OPPSKRIFT:

Enklare enn vi laga te er det ikkje råd å gjera det:

Ta blada frå raudmynten, og nokre blad frå bergmynten eller oregano.

Legg desse i kasserollen med kokande vatn i nokre minuttar og du har ein velsmakande te som kan drikkast både varm og kald.