Hopp til innhold

Tatt åtte gonger på seks veker

Den 46-år gamle strilen hadde ikkje eingong førarkort.

Fotoboks
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

I følge bt.no viser ein dom frå Nordhordland tingrett at 46-åringen er dømt for 11 fartsoverskredingar, 13 tilfelle av køyring utan gyldig førarkort og to tilfelle av køyring i ruspåverka tilstand.

Alt saman i løpet av seks veker, frå april fram til 17. mai i år.

Fotografert tre ganger på éin dag

I Fløyfjellstunnelen har mannen blitt fotografert heile åtte gonger. Tre av desse på same dag.

I følge bt.no blei 46-åringen teken den 19.mai då han krasja i veggen i Fløyfjellstunnelen rusa på narkotika.

Mannen er dømt til seks månadar fengsel.