Tapte mot Sverige
Elise Thorsnes og resten av kvinnelandslaget i fotball tapte onsdag kveld kampen i OL-kvalifiseringa mot Sverige. Kampen enda 0–1. Sognejenta spelte heile kampen og hadde eit skot som var nære på å bli mål. Innbytar Stine Reinås frå Sogndal kom ikkje på bana under denne kampen.