Hopp til innhold

Tapte finalen i sandvolleyball

Det var tap for Geir Eithun og makkeren Ronny Berntsen under Norgestouren i Kragerø onsdag.

Geir Eithun
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dei spelte mot Vegard Høidalen og Jørre Kjemperud og tapte 2-0. Settsifra vart 21-10 og 24-22. Førdianaren Geir Eithun er berre sånn passe nøgd etter finalen.

– Vi spelte ikkje så bra, men vi er nøgde med at vi kom til finalen.

Lars Fredrik og Jan Egil Tvinde tapte kampane sine tysdag og fekk difor ikkje spele i dag.

Laga har brukt denne turneringa som oppkøyring til NM i Bø i Telemark som går til helga. Der stiller også Geir Eithun og Ronny Berntsen.