Det seier Bjørn Barland som har doktorgrad innan doping ved Norges Idrettshøgskule.
Han seier at stoffet er eit svært populært anabolt stereoid mellom dei som skal byggje opp store muskelmasser på kort tid. "Minuset" er at det blir sitjande veldig lenge i kroppen. I enkelte tilfeller er det funne spor etter Nandrolone heile 18 månader etter at det vart teke inn i kroppen.
-Ingen idrettsutøvarar med fnugg av peiling på dop ville bruke eit slikt stoff. Det verkar heilt meiningslaust at ein mann som Stian Grimseth skulle ha brukt dette med vilje, seier Barland til NRK Sogn og Fjordane.
Han seier også at han aldri har høyrt om kosttilskotet Ribose, som Stian Grimseth meiner må vere årsaka til at han har fått Nandrolone i kroppen.
-Eg høyrer at toppidrettssenteret har gjeve klarsignal til å bruke Ribose, men sjølv veit eg ikkje kva det er for noko, seier Barland.
Kosttilskotet blir elles selt av fleire selskap på internett. Der blir det peika på at det er eigna til idrettsutøvarar innanfor for eksempel vektløfting, sprint og sykling, og at det gjer det enklare å byggje opp musklar. Ingen av selskapa som sel stoffet åtvarer mot at det er skummelt med tanke på dopingtestar.
Ribose er elles ikkje det einaste som blir selt gjennom internett. Der er det også fullt mogeleg å kjøpe dop - som Nandrolone, stoffet Stian Grimseth har testa positivt på.