Tap for Førde-herrane

Førde sitt herrelag i eliteserien i volleyball trekte det kortaste strået i møtet med Viking TIF i Stemmemyrhallen. Viking TIF vann 3–2 med settsiffera 25-19, 22-25, 16–25 25–23 og 15-9). Med 11 spelte kampar har Førde 17 poeng og ligg på 5.-plass bak NTNUI som har 10 spelte kampar.