Hopp til innhold

Dei fleste trampolineskadar er alvorlege tannskadar

7 av 10 trampolineskadar er alvorlege tannskadar viser tal frå forsikringsselskapa. Dersom barna får varige problem kan det bli veldig dyrt.

Vårglede på trampoline

TANNSKADE: Tannskadar er vanlege på trampolina. Illustrasjonsfoto.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Fleirtalet av dei mest alvorlege skadane etter trampolinebruk er tannskadar.

– Dei typiske skadane som forsikringsselskapa får inn er ansikts- og tannskadar, seier kommunikasjonsrådgivar Sigmund Clementz i If Skadeforsikring.

Tenner som blir slått inn, tenner som dett ut og den mest vanlege er tenner som blir slått opp i overkjeven ved samanstøyt på trampolina. Når det gjelder andletsskadar er det brot i kjeven, i nasen og i kinnbeinet.

– 7 av 10 skadar som vert rapportert inn til oss er tannskadar. Då er det gjerne barn som har hoppar i kvarandre, forklarar Clementz.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trampoline
Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Alvorlege skadar

– Årleg er det rundt 130–150 skadar som vert rapportert inn til norske forsikringsselskap, seier Clementz.

I går fortalde NRK at trampolinar ikkje er så farleg for barn som til dømes fotball og handball. Men når dei skadar seg er skadane som regel meir alvorlege.

– Fleire barn må opererast, eller få brotet sett på plass i narkose etter trampolineskadar enn fotballskadar. Så skaden er nok noko meir komplisert. Det sa Overlege Per- Henrik Randsborg ved Akershus universitetssjukehus til Nrk i går

Viktig med forsikring

Berre Helse Førde behandlar 140 trampolineskadar i løpet av ein sommar, seier overlege Konrad Mader.

Overlege Konrad Mader

Overlege Konrad Mader

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Trampolinerelaterte brot er ofte forskove og treng operasjon, seier han.

Dersom skadane blir vedvarande, er det viktig å ha barneforsikring, altså ei ulykkesforsikring for barn, for då får ein dekka eventuelle utgifter i framtida òg.

– Det er særleg fordi at ved trampolineskadar, så er tannskadar ofte forkomne, og dei skadane kan ofte dukke opp seinare i livet. Så dersom ein har ei barneforsikring vil ein kunne vere dekka seinare i livet dersom skadane skulle dukke opp att, forklarar Clementz.

Gjeld òg hos naboen

Men dersom dine barna hoppar på naboen si trampoline og skadar seg, er det hans innbuforsikring som gjelder. Men den dekker ikkje framtidige utgifter.

– Viss det er andre barn som skadar seg på ei trampoline som står på din grunn, kan du vere dekka gjennom innbuforsikringa. I den forsikringa ligg det og nemleg ei ansvarsforsikring som dekker skadar på andre sine barn, seier Clementz.

Han legg til at forsikringa dekker skadar til eit høgt beløp, så ein treng ikkje vere bekymra for det.

– Vi åtvarar ikkje mot å hoppe på trampoline. Det er trass alt betre å hoppe enn å sitje stille. Trampoline er gøy, det er berre snakk om å vere litt forsiktig og ikkje hoppe mange samtidig, kanskje ha eit sikringsnett, og at foreldra følgjer nøye med.