Kommentar av Arve Uglum
Vi fekk eit lite sjokk vi som var der og såg Sogndal møta Ham-Kam i sesongpremieren. Dei spelte mot eit lag utan fart og ferdigheiter - men overtaket dei hadde der vart nulla ut av at Ham-kam hadde ein plan, og ikkje minst at dei hadde vilje.
Vilje, vilje, vilje. Det er nøkkelordet - og det er mangelen hjå Sogndal i år. Rett nok har vi sett den i enkelte kampar. Pussig nok dukkar den alltid opp viss kampen er direktesendt på fjernsyn. Akkurat det kan fortelja noko om spelarane ute på bana - men det håpar eg verkeleg at det ikkje gjer. For viss publikum i Sogndal i seg sjølv ikkje er nok til å motivera spelarane då er noko alvorleg gale. Då har fotballkulturen i Sogndal rotna på rot. Då er det på tide å rive og bygge på nytt.
Det er slikt ein gjer i 1. divisjon.
Kva er det som har skjedd sidan fjoråret er spørsmålet som blir stilt. Eg, og fleire med meg, har ein teori. Det er ein ekkel liten teori, men eg er redd han stemmer.
Kvar måndag når vi mediefolk har dukka opp på Sogndal-treninga etter eit nytt, nedverdigande tap har Halvorsen & co hatt ein agenda: Dei skal visa oss at i Sogndal er humøret på topp og at dei kosar seg på trening trass motgangen. For det har dei gjort. Dei er i ferd med å kosa seg rett ned i 1. divisjon.
Rune Buer Johansen leverte den beste sesongen nokon Sogndal-spelar nokon gong har gjort i fjor. Folk kan komma med Svein Bakke, Kåre Ness og Jarle Skartun så mykje dei vil. Fosshaugane-graset var Buer sin personlege eigedom i fjor. Det var hans plen der han bestemte.
Men då han bestemte seg for å reisa var det mange - både blant spelarar, leiarar og trenarar som var glade langt inne i hjarterøtene. For Buer var - i tillegg til å vera ein stor Sogndal-spelar - ein pest og ei plage. Han sette avsindige krav til trening og innsats hjå seg sjølv - og nesten like høge krav til andre. På kamp og i trening var han alltid der som ein vandrande - og høglytt - påminning om at slurv og unnasluntring blir lagt merke til og ikkje tolerert. Og han heldt ikkje kjeft om det heller.
Det resulterte i mange småkonfliktar, mykje krangling, småsur stemning - og ein voldsam innsats på treningane.
Så reiste Rune Buer til Ham-Kam og vips vart stemninga på treningane mykje betre. Spelarane kunne gå og klappe kvarandre på skuldrene - snusa, drikka brus og trivast utan at nokon gjekk og maste og kjefta på dei. Trivsel er viktig, bevares - men destillert trivsel er det same som fritid - og fritid er noko du har etter at du har vore god. Ikkje noko du gjer for å bli god.
Klubben har framleis spelarar som er haldningssterke nok til å fungera som eksempel for dei andre - men dei trenarane har valt ut som leiarar synest ikkje å vera blant dei. Kaptein Håvard Flo og visekaptein Anders Stadheim er gode spelarar. I fjor, då dei var i form, var dei blant landets beste. I år har dei vore forferdeleg dårlege, og du skal ikkje ha vore på mange kampane før du ser at dette er spelarar som treng å bli løfta sjølv - ikkje spelarar som løftar andre.
Basert på prestasjonar i år skulle begge vore på benken. Det gjer ikkje Stadheim fordi klubben ikkje har nok midtbanespelarar. Alternativa til Flo er der, og eg berre håpar at bestevennskapen med Jan Halvor Halvorsen ikkje er forklaringa på at han spelar - halvskadd og ute av form som han har vore. Det ville vore så trist at det er best å ikkje tenke på det.
I neste kamp ventar no Brann, Bergen, Brann Stadion og endå ein kamp Sogndal er nøydde til å vinna. Dessverre har dei tapt så mange kampar dei også måtte vinna allereie at eg er redd det er for seint.
Men for all del: Bevis gjerne at eg tek feil, for det skal eg klara å leva med. Det blir verre om eg har rett.