Hopp til innhold

Tande P møter Tall Ships Races

I dag startar rettsmeklingsmøtet mellom Tall Ships races i Måløy og NRK-kjendisen Tande-P.

Alf Tande-Petersen.

Alf Tande-Petersen er i konflikt med Vågsøy kommune etter Tall Ships Races.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Alf Tande Petersen har saksøkt Vågsøy kommune ,og krev at ein film om Tall Ships Races blir stogga .

Tande-P skulle på oppdrag frå arrangementskomiteen bak Tall Ships Races, produsere ein DVD om seglskutefesten i Måløy .

Om ikkje filmen som har vore i salg i lengre tid vert stogga, vil han krevje kommunen for ein million kroner i erstatning.

Tande P sin advokat, Thomas Rukin, meiner ein bitter strid om eit bokprosjekt er bakgrunnen for den komande rettssaka mellom han og Vågsøy kommune.