Hopp til innhold

Tambardamene vann

Volleyballdamene til Tambar vann laurdag ettermiddag 3-2 mot BSI 2 på bortebane.

Trenar Sturle Standal er nøgd med innsatsen til 1. divisjonslaget frå Naustdal.

- Vi er veldig nøgde sjølv om vi låg under 2-0 etter dei to første setta.

Trenaren bytta på posisjonane til spelarane før tredje settet, og han seier at då fungerte det betre.

Standal reknar med at kampen mot Osterøy i morgon blir tøffare.

Settsifra mot BSI 2 vart: 25-17, 25-19, 19-15, 23-25, 11-15.