Hopp til innhold

Taket som trefte bilen var ikkje låst – lastebilsjåføren blir ikkje straffa etter dødsulukke

Ein mann omkom då ei ni meter lang stålramme trefte varebilen han sat i på E39. Lastebilsjåføren kjente ikkje til at taket hadde låsemekanisme, og saka er no lagt vekk.

Varebilen blei synleg skadd etter at ein metallgjenstand trefte ein varebil på Stordabrua.

STORE SKADAR: Varebilen fekk store skader av dei lause gjenstandane frå vogntoget på Stordabrua. Ein mann omkom i ulukka på E39 i desember 2019.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Den fatale ulukka skjedde på Stordabrua på E39 i Sunnhordland i desember 2019.

Ein varebil var på veg nordover på brua, då den vart treft av lause gjenstandar frå taket på eit vogntog.

Ei ni meter lang stålramme reiv gjennom varebilen og gjorde at Michail Blazevic frå Litauen mista livet i ulukka. Han budde på Bømlo og vart 43 år gamal.

Saka lagt vekk

No er saka mot lastebilsjåføren lagt vekk på grunn av bevisets stilling. Saka var innom Riksadvokaten for avgjerd, etter at dei pårørande klaga då saka først vart lagt bort.

Lastebilsjåføren har mellom anna vore under etterforsking for brot på vegtrafikklovens paragraf 23, som handlar om ansvaret ein har for at køyretøyet er i forsvarleg stand før køyringa startar.

– Det er gjennomført grundig etterforsking. Vi meiner vi ikkje kan bevise at lastebilsjåføren var aktlaus før ulukka, seier statsadvokat Folke Åmlid til NRK.

Nærbilde av vogntog som har mistet deler av rød presenning på taket.

DELER AV TAKET LOSNA: Den delen av kapellet på vogntoget som losna, kan ha vege opp mot 200 kilo, ifølge lensmannen på Stord.

Foto: Jan Kåre Ness

– Var ikkje låst

Det vart tidleg klart at det var det sokalla kapellet bak på vogntoget som losna. Dette er ei overbygg som består av ei ramme med presenning over, og som utgjer taket på vogntoget.

Åmlid seier at det under etterforskinga vart klart at kapellet hadde ein låsemekanisme, som ikkje var i bruk.

Det var ulukkesgranskarar frå Vegvesenet som avdekka dette då dei gjorde ein teknisk gjennomgang av vogntoget etter ulukka, opplyser Åmlid.

Taket var altså ikkje låst då vogntoget kom ut på Stordabrua, der det var sterk vind ulukkesmorgonen.

Klaga på at saka vart lagt bort

Då statsadvokaten først la vekk saka i november i fjor, klaga dei etterlatne på avgjerda.

I klagen til Riksadvokaten viste dei pårørande til at det låg føre instruksjonsbok og manual for tilhengaren, samt bransjepraksis når det gjeld krav til gjennomgang av brukte køyretøy ein nyleg har kjøpt.

Åmlid svarar at den fatale turen var sjåføren sin andre tur med vogntoget. Han minner om at beviskravet for aktlause er veldig strengt.

– Det er ikkje bevismessig grunnlag for å seie at lastebilsjåføren burde ha handla annleis. Han har forklart at han ikkje var klar over at det var ein slik funksjon på vogntoget, seier Åmlid.

Vogntog dødsulukke Stordabrua

KAN OPNAST: Vogntoget som var involvert i ulukka er av typen som kan transportere lausmassar. Derfor er dei laga slik at ein kan opne toppen på dei for å laste i lausmassane med hjullaster.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Var ikkje klar over funksjonen

Advokat Skjalg R. Halvorsen i advokatfirmaet Vectio er forsvarar for lastebilsjåføren.

– Min klient har hatt ein tung periode etter ulukka. Det å vera involvert i ei så alvorleg ulukke og i tillegg ha ei straffesak hengande over seg, har vore svært belastande. Når saka no endeleg er avslutta hjå påtalemakta, har det vore ei stor lette for han.

Forsvararen legg til at lastebilsjåføren har blitt godt vareteke av arbeidsgjevar og at han framleis er i arbeid.

Låsemekanismen på kapellet var ikkje lastebilsjåføren klar over fanst, seier Halvorsen.

– Den informasjonen visste han ikkje om.

Bistandsadvokaten til dei etterlatne seier til NRK at han er i dialog med dei om kva dei vil gjera vidare i saka.