Ta tilbake styringa!

Dei folkevalde må ta tilbake styringa i helseføretaka. Det var politikarane samde om under eit folkemøte om sjukehuspolitikk i Lærdal onsdag kveld.

Frammøtte på sjukehusmøtet i Lærdal

Trond Aarre frå SV og tilsett i Helse Førde, meinte at hans parti hadde aldri tvilt.

- Denne reforma var vi imot, og det er vi framleis.

Verre for Hilmar Høl

Då var det verre med Hilmar Høl frå Arbeidarpartiet. Hans parti har nett bestemt seg for å behalde dagens helseføretak, men justere på ordninga. Høl var klar på at han personlig aldri hadde likt reforma. Og det var det nok lurt å seie i denne forsamlinga.


- Skummel utvikling

Panelet på sjukehusmøtet i Lærdal

Panelet på sjukehusmøtet. Frå venstre Hilmar Høl, Ap, Trond Aarre, SV, Erling Sande, Sp, Unni Hagen, Fagforbundet, Bente Øien Hauge, Forsvar Lærdal sjukehus og Bjarne Jensen, Høgskolen i Hedmark.

Foto: Hege Holm / NRK

Professor Bjarne Jensen frå Høgskolen i Hedmark var svært uroa over konsekvensane.

- Det er klart at denne kombinasjonen med ein forretningsorganisasjon utan skikkeleg folkevald styring fungerer ikkje, og den er skummel med omsyn til utviklinga. Får denne utviklinga halde fram får vi ei kraftig strukturrasjonalisering av sjukehustenestene som folk ikkje ynskjer.

- Men det blir sagt at etter at vi fekk helsereforma er det blitt behandla langt fleire pasientar, det er brukt meir pengar på kvar pasient, og ventelistene har gått ned.

- Feil medisin

- Eg meiner at Noreg har ei ganske god helseteneste, men det er ikkje denne måten å organisere på som har ført til det. Eg trur det er feil medisin som er brukt.

- Store konsekvensar

Unni Hagen, rådgjevar i Fagforbundet, meinte at mangel på demokrati får store konsekvensar for små sjukehus.

- Noko av det som er ille er at vi er i ferd med å endre sjukehus og helseteneste på ein måte som ikkje syner før det er for seint. Vi er i ferd med å bygge ned lokalsjukehusa i distrikta innanfrå til dei til slutt blir ståande igjen og fungere som avanserte sjukeheimar.

Ønskjer ei folkerørsle

Hagen ønskjer ei folkerørsle.

- Dersom politikarane ikkje endrar systemet må folk presse politikarane til å endre det som ikkje verkar i forhold til måla

Erling Sande frå Senterpartiet mener at analysane til Jensen og Hagen av helsereforma stadfestar den motstanden hans parti hadde mot reforma i 2002.

- Senterpartiet åtvara

- Den røyndomen vi får presentert her er veldig i tråd med det vi i Senterpartiet åtvara mot då vi fekk denne reforma, der vi flytta ansvaret for spesialisthelsetenesta frå fylkeskommunen inn i "profesjonelle" styre som skulle ta hand om helsestellet.

- No har vi fått svaret på kva reforma har ført med seg når det gjeld demokrati og openheit. Senterpartiet ynskjer seg tilbake til ei utvikling der det er det lokale og regionale demokratiet som har ansvaret, og pasienten står i sentrum

Ikkje politisk fleirtal for endring

Men noko politisk fleirtal for å gjere om reforma finst ikkje på Stortinget.

- Vi må vel innsjå at slik den parlamentariske situasjonen er i dag er det ikkje fleirtal for å gjere desse endringar, men vi går til val på å gjere endringar på dette feltet, så får valet avgjere kor mange representantar Senterpartiet får. Vi håpar å kunne halde fram i ei raudgrøn regjering, og då kjem organiseringa av helsestellet til å vere eit tema i regjeringsforhandlingane.

- Fiktive underskot

Bente Øien Hauge i Aksjon Forsvar Lærdal sjukehus meiner at mangelen på folkestyring også får fylgjer for sjukehuset i Lærdal.

- No er det svært viktig for meg å behalde lokalsjukehusa. Slik styringsmodellen og rekneskapssystemet er blir det skapt fiktive underskot. Dermed blir det tvinga fram behov for strukturrasjonalisering, med andre ord å kutte ved lokalsjukehusa fordi helseføretaka fører rekneskapa etter ein forretningsmessig modell.

- Direkte fylgjer for Lærdal

Lærdal sjukehus
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Dersom dei hadde ført rekneskap etter forvaltningsmodellen, slik fylkeskommunane gjer, ville vi ikkje hatt behov for å spare 100 millionar kroner i Helse Førde. Difor har dette temaet vi har snakka om i kveld direkte konsekvensar for Lærdal sjukehus og sjansane til sjukehuset til å behalde funksjonane sine.