Du har lov til å sykla gjennom 750 av dei 1200 tunnelane i landet, men Syklistenes Landsforening meiner at syklistane sin tryggleik er altfor dårleg.
Tysdag mista ein belgisk sykkelturist livet då han blei påkøyrt av ein bil i Raunekleivtunnellen i Samnanger.
No krev syklistane eit betre varslingssystem, og dei meiner at løysinga ligg i ein raud knapp.
Vil oppretta varslingssystem
Gisle Clementsen er aktiv i Nordhordland Sykkelklubb. Når NRK møter han skal han til å sykla gjennom Munndalsbergtunnelen på trafikkerte E39.
– Dette er vel ein av dei verste tunnelane eg har sykla gjennom, men eg har ikkje prøvd han etter at varslingssystemet kom på plass.
Clementsen liker ikkje å sykla i tunnelar, men han gjer det der han må. I brorparten av tilfella har han lov til det, men tunnelane er ofte altfor dårleg tilrettelagt for syklistar, meiner Syklistenes Landsforening.
Morgan Andersson er generalsekretær i foreininga. Han fortel at den dårlege belysninga ofte er spesielt problematisk, men at dette ikkje er det største problemet.
– Det største faremomentet for syklistar er at bilistar ofte ikkje er klare over at det kan vera folk som syklar inne i tunnelar. Så me anbefaler vegvesenet å oppretta eit varslingssystem for å hindra ulykker
Andersson ser for seg eit varslingssystem av denne typen:
Syklisten trykker på ein knapp
Bilistane blir varsla med blinkande lys
SPENT: Gisle Clementsen rett før han skal testa varslingssystemet for første gong.
Foto: Halvor Folgerø / NRK
Gode erfaringar
Eit slikt system har blitt testa ut i fleire tunnelar på Senja i Troms med gode resultat.
– Syklistane seier at dei kjenner seg tryggare på at bilistar ser dei, og bilistane seier at dei har blitt meir merksame på syklistar, seier Morgan Andersson.
DÅRLEG TILRETTELAGT: Morgan Andersson meiner at ein kan få færre ulykker om fleire tunnelar får varslingssystem.
Foto: Syklistenes Landsforening
Han meiner at slike kostnadseffektive varslingssystem bør bli implementert over heile landet, i alle tunnelar kor syklistar ferdast.
Etter at Gisle Clementsen i Nordhordland Sykkelklubb har testa varslingssystemet for første gong, meiner han at testen lovar godt for både syklistar og bilistar.
– Eg trur at det vil hjelpa betydeleg, og me vil ikkje kveppa like mykje når me er der inne.
Marit Espeland er sykkelkoordinator i Vegdirektoratet, og ho meiner at det skal vera trygt å sykla i tunnelar der dette er tillat.
Espeland peiker på at ulykkesrisikoen er lågare i tunnelar enn ute på vegen på dagtid. Men ho seier at Vegdirektoratet er opne for å utvida ordninga med varslingsknapp.
– Ja, dette er noko me vurderer når me planlegg sykkelruter som skal bli skilta gjennom tunnelar.
UTELUKKAR IKKJE FLEIRE: Vegdirektoratet seier at det kan bli aktuelt med fleire slike varslingssystem.