Syklistar i tunnelar på rv 5

Deltakarar på sykkelrittet Viking Tour er no på veg mellom Skei og Sogndal på riksveg 5. Politiet ber om at bilistane på strekninga køyrer forsiktig. Dei har fått melding om at det har oppstått farlege situasjonar inne i tunnelane.