Hopp til innhold

Svinga unna katastrofe

Erik Sandal berga truleg seg sjølv og to andre lagkameratar frå den heilt store katastrofen då han delvis klarte å vri bilen unna eit lastebilhjul på ville vegar.

Trafikkulykke Sula
Foto: Jostein Haaland

Erik Sandal var heile helga på sjukehus i Ålesund.
Foto: Privat

Hødd var laurdag på veg frå Ulsteinvik til Vigra flyplass då ein lastebil tilhøyrande Mesta mista begge tvillinghjula på drivakslingen bak på venstre side, skriv Sunnmørsposten.

Hjulet trefte bilen

Dei digre hjula var reine dødsfella der dei hoppa og spratt ukontrollert rett mot motgåande trafikk. Det eine hjulet braka inn i Erik Sandal sin bil, medan det andre hjulet trefte bilen til lagkamerat Helge Edinsen og ein annan bil.

- Både eg og Andreas Sørgård Olsen fekk kuttskadar av ulike slag. Sjølv har eg sydd ein god del sting inne eit øyre, pluss at eg har diverse kuttskadar i andletet. Medan Andreas fekk glas-splintar frå bilvindauget inn på eit auge. Paulo dos Santos kom heldigvis heilt uskadd frå smellen, seier Sandal til avisa.

- Det kunne gått mykje, mykje verre, seier Erik Sandal.
Foto: Privat

- Er berre lykkeleg

- Eg har også fått konstatert ein ganske kraftig hjerneristning, men no i etterkant er eg berre lykkeleg for at dette ikkje gjekk verre. Hadde hjulet truffe frontruta kunne vi har vore ferdige alle mann, held han fram.

Sandal overnatta på Ålesund sjukehus frå laurdag til søndag, og har fått streng beskjed om å ta det med ro dei neste dagane. Den aktuelle kampen som Hødd skulle spele, borte mot Bærum, vart avlyst som følgje av ulukka. Laget kjempar om opprykk til 1. divisjon.