Svindlarane som Grøttebø og folka hans har avslørt i vinter, har enkelt klart å lure pengar frå finansieringsinstitusjonane. Dei har brukt namn og personnummer til folk som er kredittverdige i lånesøknaden - og gitt opp sitt eige kontonummer for kvar pengane skal settast inn. I vinter har dei teke fleire svindlarar som har brukt denne metoden. Svindlarane har vore lette å avsløre - men då har som regel pengane vore oppbrukte.
Ønskjer strengare rutinar
Tilboda om kjappe lån utan krav om tryggleik er mange. Grøttebø har vore i kontakt med dei som har gitt låna, og lensmannen seier han håpar at långjevarane legg om rutinane sine.