Hopp til innhold

Kjøpte gravemaskin på finn.no - svindla for 60 000 kroner

Stryningen tapte 60 000 kroner til svindlarar på Finn.no. Økokrim står makteslause mot utanlandske aktørar.

finn

TIL SAL: Finn.no har mange gravemaskiner liggjande ute i dag, forhåpentlegvis er det ærlege personar som sel dei.

Foto: Skjermdump

– Eg kjenner meg jo litt dum, seier mannen frå Stryn.

Difor vil han heller ikkje ha namnet sitt på trykk, men han fortel villig historia om den billige gravemaskina som kosta han så dyrt.

For når ein handlar på nettet er det vanskeleg å vite om seljaren har heilt reint mjøl i posen.

Uslåeleg pris

– Eg tok gravemaskinkurs tidlegare i år, og var veldig ivrig etter å få kjøpt meg minigravar, så det gjekk vel litt fort i svingane, seier han.

For på Finn.no fins det mang ei gravemaskin, og mellom dei fann han ei til ein uslåeleg pris.

– Den kosta 54 000 kroner, til vanleg ville vel ei slik maskin ha kosta rundt 200 000, fortel han.

Sikker betaling

Seljaren sto oppført med namnet Randi Brevik, og annonsen sto på norsk. Det var ingen telefonnummer å ringe, men då stryningen sende ein e-post, fekk han svar på engelsk. Kvinna hadde eit byggjefirma i England, og ei gravemaskin det ikkje var bruk for.

– Ho ville betale halve frakta, og var veldig oppteken av at betalinga skulle vere sikker gjennom eit eige betalingsselskap. Gapen som eg var, så beit eg på, seier mannen.

Med lånte pengar klare på konto slo han til. Han blei bedd om å betale gjennom selskapet Escrow Pacific, som skal formidle ei sikker pengehandsaming ved handel på internett.

– Det høyrdest jo bra ut at ho ville gjere det slik, og nettsida deira såg grei ut, så eg sette over pengar, fortel stryningen.

Falsk heimeside

Escrow Pacific er eit akta firma som driv med slike tenester i USA. Lenka stryningen fekk gjekk til ei nettside til eit falskt selskap med same namn, men der det er bytt til Pacific Escrow i web-adressa.

Økokrim har vore borti falske sider frå andre betalingsformidlarar, men det er fyrste gong dei høyrer at det er gjort med dette selskapet.

– Eg har snakka med Økokrim, og dei har ikkje høyrt om forfalsking i dette namnet før, seier Marianne Føleide i Økoteamet i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Svindel

FALSK HEIMESIDE: Til vestre er heimesida til det akta firma Escrow Pacific. Til høgre er sida svindlarane har laga, der er namna bytte om i nettadressa.

Foto: Montasje / NRK

– Ingenting å gjere

Sidan pengane går til utlandet, ofte i mange ledd og gjennom fleire land, er det så godt som uråd å finne ut kvar dei vert av og kven som står bak.

– Det einaste vi og Økokrim kan gjere er å åtvare folk mot å betale på føreskot og å overføre pengar til utlandet, seier ho.

Stryningen fekk same dag som han betalte ein telefon frå betalingsselskapet. Ein mann spurte på gebrokkent engelsk om han hadde betalt for gravemaskina.

– Då ringde det ei bjølle. Eg syns det var litt for aggressivt, det skulle visst gå veldig fort for dei. Men eg sa at eg hadde betalt, og dei skulle gje beskjed om at Breivik skulle sende meg gravemaskina, seier han.

Men gravemaskina såg han aldri noko til. Han fekk ein e-post om at maskina var på veg så fort litt papirarbeid var ordna, men høyrde aldri noko meir.

Tapte 60 000

– Ein kamerat som har brukt finn.no ein del, såg på e-postane og heimesida til Escrow Pacific, og trudde det var svindel. Eg skreiv dette til den såkalla Randi Brevik, men har ikkje fått svar, seier han.

Dei nesten 60 000 kronene han betalte for gravemaskin og frakt, er mest sannsynleg tapte.

– Pengane får eg aldri att så eg må berre gløyme det, seier han.

Mange like saker

Stryningen er ikkje den fyrste som tapar pengar til svindlarar på internett. Til no i år har nordmenn vorte svindla for over 100 millionar kroner, ifølgje Økokrim.

–Vi har mange slike saker, og det fins store mørketal. Men det er veldig lite å gjere med det, seier Føleide.

Finn.no seier dei gjer det dei kan for å forhindre svindel frå deira heimesider.

– Vi har ein annonsekontroll som silar ut svært mange av svindelforsøka. I tillegg har vi ein sms-verifisering av mobiltelefonnummer som gjer at brukarane må ha eit norsk telefonnummer når dei registrerer ei annonse, seier ansvarleg for brukartryggleik i Finn, Lars Vinden.

– Nordmenn involverte

Lars Vinden

GJER DET DEI KAN: Lars Vinden seier Finn.no prøver å sile ut svindelforsøka frå nettsidene sine.

Foto: Pressefoto / Finn.no

Likevel er det mange falske annonsar som slepp gjennom. Ei av årsakene er at nordmenn hjelper til, ofte utan å vite det sjølve.

– Nokre av svindlarane skapar eit slags forhold til nordmenn gjennom Facebook eller liknande, og så ber dei om å få bruke telefonnummeret deira. Vi åtvarar alltid mot å gje vekk verifiseringskoden ein må fylle inn for å få publisert ei annonse, men folk gjer det likevel, sikkert utan å tenke over kva det kan verte brukt til, seier Vinden.

Må betale sikkert

Han åtvarar òg om useriøse betalingsformidlarar.

– Dersom ein vert beden om å bruke til dømes Western Union til å betale, bør ein ikkje gå med på det. Vi har eigne betalingsordningar som kan brukast, men ein bør ikkje kjøpe noko utan å ha sett vara fyrst, eller å vere heilt sikker på at pengane går gjennom ein sikker aktør, seier han.

– Svindlar med veskehundar

Svindlarar prøver seg på dei fleste marknadene til sida.

– Dei er nesten over alt, men aller mest innan elektronikk og i handel med dyr, til dømes dyre såkalla veskehundar. Der stoppar me annonsar kvar dag, seier Vinden.

Har sett fleire forsøk

I Stryn har netthandlaren sett fleire annonsar han trur er svindel.

– Eg såg ei gravemaskin på ei annan salsside som var alt for billig. Eg sende ein e-post, og fekk svar frå England, så eg sa eg trudde det var svindel og høyrte ikkje noko meir frå dei, seier han.

For han har ikkje gitt opp å få seg gravemaskin.

– Eg skal framleis ha meg minigravar, men den vert kjøpt i Norge, seier han.