Hopp til innhold

Heikki Holmås vil ha færre kommunar og større fylke

Heikki Holmås, stortingsrepresentant for SV, vil ha færre kommunar og større fylke.

Heikki Holmås

STØRRE: Heikki Holmås frå SV vil ha større fylke og færre kommunar.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

På fylkesårsmøte til Sogn og Fjordane SV kunne stortingsrepresentant for Oslo SV, Heikki Holmås, blant anna fortelje at han er ein av dei som meiner det burde bli ei forandring i kommunestrukturen, men også ei forandring på fylkesstrukturen.

– Dersom ein meiner at fylka skal behalde dei oppgåvene dei har i dag så er det heilt naturleg at fylka beheld den storleiken dei har, men eg høyrer til dei som meiner at måten vi styrer helsevesenet og sjukehusa på i dag ikkje er god, seier Holmås.

Vil ha større fylke

Holmås seier han trur at alle dei som har følgt sjukehusstriden i Sogn og Fjordane ser at det å ha eit styre utpeikt av helseministeren ikkje gjev den lokaldemokratiske forankringa som ein meiner at det burde vere.

– Difor meiner eg at vi burde overføre ansvaret for sjukehusa til fylka, men då trur eg vi må ta ein diskusjon om korleis fylka skal vere, og eg meiner dei burde vere større, seier Holmås.

– Hordaland og Sogn og Fjordane saman då for eksempel?

– For eksempel, men det er ein diskusjon som må gå i retning av kva som er naturleg og kven som «føler seg saman».

Også når det gjeld kommunesamanslåing og fleire store kommunar meiner Holmås at det skal vere frivillig og skje naturleg.

– Eg meiner dette bør bestemmast av folk lokalt for prosessar går alltid best om dei vert forankra i ein lokal vilje for å slå seg saman. Vi hadde ein ordførar i Skjerstad som ynskte samanslåing med Bodø og valde å få det til og det var folket i kommunen også tilhengjarar av. Slik synest eg vi får dei beste prosessane.

Vil ha fleire oppgåver til kommunane

Likevel meiner Holmås at det er fleire gode grunnar til at fleire kommunar burde slå seg saman.

– Eg ser nokre gode argument for større kommunar som at ein kan få større fagmiljø som gjer at ein kan få betre tenester. Blant anna innanfor barnevern og arealplanlegging. Eg meiner at vi skal overføre fleire oppgåver til kommunane. Både innanfor barnevern, kultur og helse og omsorgsfeltet så må vi sjå i åra som kjem at vi har eit ønske om å overføre fleire oppgåver til kommunar. Det er bra for då kjem det nærmare folk og lokaldemokratiet, men då trur eg også at det er ein fordel med større kommunar.

– Men dette er ein debatt som må forankrast lokalt og best løysast lokalt, avsluttar Holmås.