«Dette var ein skrekkeleg fotballkamp»

(Fana - Florø 3-2, 2. divisjon menn) Florø-trenar Terje Rognsø var langt frå nøgd med sitt eige mannskap etter tapet mot Fana.

Terje Rognsø

LITE NØGD: Florø-trenar Terje Rognsø var på ingen måte nøgd etter 3-2 tap mot Fana. Her frå ein tidlegare kamp.

Foto: Siren B. Svortevik

I løpet av sju minutt i 1. omgang klarte Fana å sette tre ballar i Florø-nettet, og sjølv om spelarane tok seg saman i 2. omgang var det bergenslaget som tok alle tre poenga.

– Dette var svakt av oss, og eg vil skildre det som ein dårleg fotballkamp. Vi slepp inn tre mål på det som eg ikkje vil kalle for sjansar ein gang, seier ein skuffa Rognsø til NRK etter kampen på Fana stadion.

For sjølv om Runar Hove og Christer Husa klarte å redusere med to mål i 2. omgang, var ikkje Florø sitt unge mannskap sterke nok mot Fana.

– Vi fiksar det ikkje, dette var ein skrekkeleg fotballkamp. Vi var rett og slett ikkje med i 1. omgang. Når dei i tillegg skårar på ei straffe vi meiner er feil idømd, så blir dette heilt feil, seier Rognsø.

Onsdag ventar sterke Hødd i 2. runde i cupen, og Rognsø er klar på at laget må skjerpe seg kraftig fram mot denne kampen.

– Vi må forstå at ein fotballkamp varar i to ganger 90 minutt. No må vi stå på for å skjerpe oss til kampen mot Hødd. I dag var vi for dårlege, ikkje minst offensivt, sler Florø-trenaren fast.

Fana sitt andre mål kom på straffe, og vart sett trygt i nettet av årdølen Jonas Hestetun.