Hopp til innhold

Sunnfjording tener fett på mat

Ole Jonny Eikefjord kunne i fjor notere seg for nær to millionar kroner i inntekt.

Ole Jonny Eikefjord
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Gjennom investeringsselskapet Eikefjord Invest, er førdianaren medeigar i restaurantane Eik Annen Etage, Eik Fjord og Eik Savoy i Oslo.

Ole Jonny Eikefjord er også varamedlem i styret til kokkekollega Terje Ness si verksemd Restauranthuset Ness i Hvalstad.

Frå lærling til sjef

Eventyret til kjendiskokken starta etter at han gjekk gradene, frå lærling til kjøkkensjef, på Sunnfjord hotell. Etter å ha jobba som kjøkkensjef på Hotel Continental i Oslo, vart han "oppdaga" av Petter Stordalen.

Deretter har dei to i tur og orden starta opp dei tre Eik-restaurantane i tigerstaden. I fjor debutterte han også som forfattar med boka "Gourmet for folket" - i bok som gav han ein prestisjetung pris som beste norske debut-kokeboka av Gourmand Awards .

Torsheim på tredje

Ifølgje skattelistene for fjoråret, som vart kjent i dag, tente Eikefjord nær millionen meir enn neste person på den uofisielle "kjendislista" for Sogn og Fjordane.

Høgt oppe på lista kjem også Oddvar Torsheim som fylte 70 år i fjor. Multikunstnaren vart feira både i Førde og Naustdal, og tente vel 800 000 kroner i løpet av året.

Den uoffisielle kjendistoppen

Namn

Yrke

Skattekommune

Inntekt

Skatt

Formue

Ole Jonny Eikefjord

Kokk

Oslo

1 935 736

743 545

1 987 150

Gisle Børge Styve

Musikar

Oslo

1 181 459

544 063

0

Oddvar Torsheim

Kunstnar

Førde

814 424

292 020

2 204 361

Lars Barmen

Kokk

Oslo

647 909

256 532

392 947

Rune Timberlid

Forfattar

Førde

583 999

 233 589

 0

Peder Børresen

Klesgründer

Oslo

527 470

175 531

849 942

Kai Martin Brekke

Forfattar/journalist

Leikanger

511 546

196 407

366 666

Terje Lyngstad

Teatersjef

Førde

501 536

202 218

0

Maria Tryti Vennerød

Forfattar

Oslo

485 071

193 994

 217 272

Kari Standal Pavelich

Operasjef

 Eid

414 102

152 790

 0

Stig Eikaas

Kunstnar

Bærum

408 942

152 797

1 653 825

Olaug Nilssen

Forfattar

Odda

404 598

153 905

 0

Tone Damli Aaberge

Artist

Sogndal

391 822

165 945

0

Stian Grimseth

Vektløftar

Naustdal

373 906

169 394

1 147 087

Birger Meland

Journalist/artist

Jølster

327 163

122 860

0

Ludvig Eikaas

Kunstnar

Jar

298 945

78 055

20 219

Michael Pavelich

Kulturarbeidar

Eid

269 632

118 286

0

Geir Hjetland

Kunstnar

Balestrand

219 668

57 900

985 201

Anne Viken

Mediekritisk skribent

Gaular

152 435

50 033

0

Jorunn Torsheim

Songar

Oslo

81 254

24 940

0

Ole Johannes Øvretveit

Journalist/humorist

Gaular

79 533

24 297

0

Eva Weel Skram

Artist

Oslo

69 839

19 259

48 480

Randi Førsund

Kulturentreprenør

Hyllestad

0

0

0

Jan-Ketil Smørdal

Sirkusdirektør

Eid

0

0

0

Håkon Njøten

Artist

Bergen

0

0

0

Arle Hjelmeland

Artist

Førde

0

0

0

Ekspander/minimer faktaboks